top of page
Untitled

Skulehistorier med snert i

Frå forteljarkafe 2016

I 2016 arrangerte vi forteljarkafè og bokverkstad på Steinhovden skule. Vi inviterte bygdefolket og spesielt dei eldste til å fortelje det dei hugsa frå barndomstida si.

Vi fekk inn mange gode skulehistorier og seinare arrangerte vi bokverkstad der elevane lærte å skrive forteljingar. Planen var å gje ut ei bok, men inntil vidare vil du finne borna sine tekstar frå forteljarkafeen her på denne bloggen.. 

Biletet er teke frå Litle Høydal med utsyn over Høydalsfjorden.

Skulehistorier med snert i: Tekst
Gamleskulen%25252C%252520magne%252520steinhovden_edited_edited_edited.jpg

Bokprosjekt og forteljarkafè

Prosjektarbeid 2016. Det er Magne Steinhovden som har måla biletet av gamleskulen i Steinhovden.

På Steinhovden skule har vi nettopp avslutta den årlege kommunale leseaksjonen Flora Les som skal motivere skuleelevane til å lese, og ikkje minst til å bli glade i bøker. Denne gongen har vi ikkje tenkt å gje oss med dette, men å ta borna vidare inn i bøkene sitt univers ved å la dei vere med på å skrive og illustrere ei bok med artige skulehistorier frå bygdene ved og i nærleiken av Høydalsfjorden.

Slik kan elevane fordjupe seg i kva som har skjedd i nærmiljøet sitt opp gjennom tidene, samtidig som dei får inngåande kunnskap om kva som skal til for å skrive ei bok. Vi andre får gleda av dei gode historiene, og det at dei no kan bli tekne vare på for framtida.

Vi startar prosjektet med å arrangere forteljarkafè på Steinhovden skule, der vi får besøk av forfattaren Rolf Losnegård. Her inviterer vi folk til å kome for å fortelje historier frå si eiga skuletid, eller kanskje noko dei har fått fortalt frå foreldre eller besteforeldre.


Ei klassisk historie er til dømes geitebukken som stonga inn vindauget i gamleskulen fordi han såg sitt eige speilbilde. Andre har kanskje noko å fortelje om dei unge lærarinnene som starta yrkeskarriera si i ei veglaus bygd ved Høydalsfjorden. I tillegg til dei gode historiene er vi også interesserte i gamle bilder vi kan bruke som illustrasjonar til boka.

I tillegg til forteljarkunst og gode historier vert det underhaldning med song, musikk og dans og i kafeen vert det sal av kaker og kaffi for å skaffe inntekter til boka. Vi håpar at mange kjem med ei god forteljing på lur, eller berre for å lytte til alt det spennande som har gått føre seg på skulane våre opp igjennom tidene.

Skulehistorier med snert i: Tekst
130869998_246264400261459_3670440123653684884_n_edited.jpg

Kaffi-Lars i fritt fall

Ei forteljing frå Steinhovden skule av Ottar Standal


Då eg var liten fanst det vanlegvis ikkje så mange bøker rundt om i heimane til folk, og internett var heller ikkje oppfunne på den tida. Difor var det stor stas å låne bøker på skulebiblioteket for å lese spennande historier som Robison Crusoe, Onkel Toms hytte eller kanskje forteljingane om Huckleberry Finn.

På Steinhovden skule var skulebiblioteket plassert i eit kvitt høgskåp på lærarrommet, og det var bokutlån etter storfriminuttet ein gong i veka. Då sat læraren ved bordet og noterte omhyggeleg ned både utlån og innlevering av bøker, medan vi elevane måtte stå i kø og vente på tur. Dette var ei stor tolmodsprøve, for både skrivearbeidet og leiting etter nye bøker i bibliotekhyllene tok si tid.


Ein ettermiddag hadde vi stått i lånekø både vel og lenge, og eg kjende at det klødde i fingrane etter å finne på eit fantestykke. Eg sikta meg inn på guten som stod framfor meg i køa og løfta foten for å gje han ein skikkeleg spark bak. Men guten hoppa til side i siste augneblikk, og før eg visste ordet av det hadde  foten min hekta seg inn i handtaket på kaffikjelen som stod på omnen. Kaffi-Larsen for rundt i lufta som ein snurrebass til han landa på toppen av høgskåpet. Kaffi og grut rann i brune striper nedetter sidene på det kvite skåpet og det var ikkje fritt for at resten av interiøret på lærarrommet fekk sin del av den dyrebare drikken.

Læraren vår var både snill og tolmodig, men no hadde han fått nok. Eg fekk meg ein hard jobb med vaskefilla den ettermiddagen, og der eg sleit som ein slave med å få bukt med den gjenstridige kaffigruten på lærarrommet, lova eg meg sjølv at no var det slutt på fantestykka for min del!

Skulehistorier med snert i: Tekst
gammel norsk sau.jpg

Den blodige sauen

Skrive av Tale Mathisen Seljeseth etter ei forteljing av Ottar Standal

Det var i eit matfriminutt dette skjedde, og ungane var ute og leika. Det pleidde å vere ein hund på skuleplassen, men han såg dei ikkje den dagen. Plutseleg høyrde ungane at det singla i glas. Dei forstod ikkje kvar lyden kom i frå, og lurte fælt på kva dette kunne vere.  Etter ei stund var friminuttet over, og då elevane kom inn i klasserommet stod der ein fæl og blodig sau midt på golvet. Det viste seg at det var hunden som hadde jaga sauen som vart så skremd at han hoppa rett inn gjennom vindauget i skulebygget.
Men dramaet var ikkje over med dette, for naboane påstod at det var skuleungane som hadde knust glaset. Lærarane tok elevane med seg og gjekk heim til naboane for å rydde opp i misforståinga. Nabokona kunne fortelje at ho hadde kasta augo ut glaset og sett at det var ungane som knuste vindauget i skulehuset. ”Dersom du har kasta augo ut glaset, så skal vi hjelpe deg med å finne dei att”, sa ungane.

Skulehistorier med snert i: Tekst
G%C3%A5rdstunet_edited.jpg

Haldis Terøy- Fyrsteklassing i 1938

Fortalt av Haldis Terøy på forteljarkafè i Steinhovden i 2016. Det er Oline Apalseth som har skrive teksten og til høgre på biletet ser du huset der Haldis begynte på skulen.

Den fyrste skuledagen min kjem eg aldri til å gløyme. Året var 1938, så det er lenge sidan no. Då eg var lita budde eg i Ausevik, men for å kome til skulen måtte vi gå til Litle Høydal. Der var det skule i eit privathus dei kalla ”Bygningen” og der budde læraren og familien hans også. Læraren vår heitte Peder Hødal og kona hans heitte Aslaug.

Då eg kom til skulen for aller fyrste gong var eg frykteleg flau. Inne i skulestova torde eg nesten ikkje løfte blikket for å sjå på dei andre eingong, og eg hadde ein dundrande hovudverk. Eg kjende at eg vart kvalm og skunda meg ut av klasserommet. Eg kom meg så vidt ut på trappa der eg kasta opp noko kolossalt. Heldigvis kom Aslaug med ei vassbøtte og spylte heile trappa. Så spent var eg altså på å begynne på skulen at eg rett og slett vart sjuk av det.

Seinare gjekk det betre på skulen. Kvar vår fekk vi gå til Store Høydal om laurdagane for å lære å sy og alt slags anna handarbeid. Av skulefaga likte eg songtimane spesielt godt, og ein gong hugsar eg vi skulle synge ”Dei gamle fjell i syningom” av Ivar Aasen. Eine verset i songen startar med ”Det er så mange hendingar i bygda kome til”, men ein av dei store gutane på skulen hadde sin eigen versjon av songen. Han song ”Det er så mange hedningar i bygda kome til” medan han skjegla til høgre og venstre for å sjå om det var nokon som lo.

Skulehistorier med snert i: Tekst
Ronda1_edited.jpg

Berit i baljen

Ronda skyssa  elevar og lærarar mellom skulane i Høydalane og Steinhovden. Teikning: Leander Isaksen 3. klasse

Vi spelar vippen på skuleplassen medan vinden raslar i dei raude ospetrea vestanfor skulehuset. Høydalsfjorden er ikkje synleg frå skuleplassen, så ein av gutane held vakt utanfor grinda. Snart høyrer vi dei kjende dunkelydane frå Ronda, og skjønar at no er det ikkje lenge att før båten legg til ved kaia i Litle Høydal.

«No kjem han» ropar Laffen og vi pilar ned i skulehuskjellaren for å gøyme oss i badstova.  Nokre av oss kryp inn under badstubenken, sjølv om vi skjønar at han kan sjå oss gjennom sprinklene. Vesle Berit smett seg inn i sinkbaljen som står ved sidan av skorsteinspipa og Torill er snar å dekkje opningen til med golvfilla som heng til tørk ved sidan av. Vi kniser og ler, men så høyrer vi stega hans i trappa. Det blir musestille i badstova, og vi ser at dørklinka går sakte ned. Døra opnar seg og læraren vår stikk hovudet inn og ser seg rundt i rommet med eit venleg smil. Han kastar blikket på sinkbaljen før han let att døra og går opp i skulestova med rolege steg.

Ikkje lenge etter strøymer orgeltonane ut i den vakre vårmorgonen. Vi sit ei stund under benken i badstova og lyttar til «Dar bjorkorna susar» og «Alle fugler små de er». Så luffar vi opp i klasserommet for å begynne på skuledagen ved Høydalane skule.  Det vart litt kjedeleg i badstova i lengden.


Skulehistorier med snert i: Tekst
Ett_hem_(26_akvareller)_(Carl_Larsson)_-

Skammekroken og Per i grana

Fortalt av Arne Steinhovden på forteljarkveld på Steinhovden skule februar 2016. På biletet som vi har henta frå wikipedia, ser vi ein gut i skammekroken slik det ofte var i gamle dagar.

For ein generasjon eller to sidan var det ein heilt annan disiplin i skulen enn i dag, og det var ikkje uvanleg at elevane fekk straff om dei gjorde noko gale. Slik var det også på Steinhovden skule, og Arne Steinhovden hugsar at ulydige elevar måtte stå i skammekroken nede ved omnen. Der måtte dei stå og løfte ei tung vedskie over hovudet og straffa vart utmålt i minuttar alt etter kva gale eleven hadde gjort.

Peder Hødal var likevel ein snill og rettferdig lærar som elevane hadde stor respekt for. Om morgonen stod borna på geledd ute i uversskuret medan dei venta på at Hødal skulle kome på skulen. Men eit år kom det ein kar frå Austlandet som skulle bu hos lærarfamilien og dessutan gå på skule i Steinhovden. Per heitte guten, og han var ein  villstyring av dei sjeldne. Ein dag klatra han opp i den store grana som stod ved sidan av gamleskulen.  Der vart han sitjande som ei skjor i toppen av treet medan han heldt ap og moro med læraren. Hødal trua med ulike straffemetodar, men Per nekta plent å kome ned att av grana. Til slutt måtte læraren ta med seg dei andre elevane og gå inn att i klasserommet for å starte undervisninga.  Etter ein halvtimes tid dukka Per opp i døra og slentra roleg fram til kateteret. ”Kvar vart det av den straffa eg skulle få”, sa han til læraren. Vi andre var heilt forskrekka, for slikt torde vi aldri seie til ein vaksen. Om Per måtte i skammekroken som straff for denne episoden, seier historia likevel ingenting om.

Skulehistorier med snert i: Tekst
blc3a5fjell_edited.jpg

Den svarte fredagen

Fortalt av Gerd Svardal på forteljarkafè på Steinhovden skule februar 2016.  Det er Johanne Dypevik Steinhovden og Tale Mathisen Seljeseth som har skrive teksten. 


Dei to britiske soldatane naudlanda ved Notaholmen (skjeret på bildet) i ein av dei største luftkampane under 2. verdskrig. Her vart dei berga av folket på Hopen.

Ein kald vinterdag 9. februar 1945, vart ein dramatisk dag for Gerd Svardal. Ho budde på Hopen og måtte gå stien gjennom skogen for å kome på skulen i Steinhovden. Denne dagen var ho på veg heim frå skulen, og ho var komen til Steinvik då ho høyrde knitring og skyting frå lufta. Gerd fekk beskjed om å gøyme seg bak gardfloren fordi det var luftkrig. Og medan flya skaut på kvarandre over Høydalsfjorden, stod Gerd og dei andre på bakken og var tilskodarar til det heile.

Det Gerd ikkje visste, var at eit britisk fly vart treft av tyskarane, og måtte naudlande ved Naustholmen sørvest for Hopen. Faren og broren hennar jobba nede i naustet med å tette ein robåt og såg at flyet heldt på å søkke. Då sprang dei i båten og rodde ut for å redde dei to mennene. Den eine av dei var hardt skadd,  medan den andre var uskadd.


Då Gerd kom heim, gjekk ho inn i stova for å fortelje om det som hadde skjedd. Men då ho kom inn dit, vart ho ståande mållaus. På divanen låg ein framand og blodete mann,  og mor hennar stod over han og tørka av han blodet. Ved ovnen stod ein annan mann og tina seg. Det viste seg at den skadde soldaten, Holly, måtte på sjukehus, og difor måtte dei ringe til doktoren. Dermed fekk tyskarane også beskjed, og for ikkje å setje nokon i fare valde den andre soldaten, Smith, å melde seg til tyskarane.

Holly vart fyrst send til sjukehus i Florø, og så til Bergen medan Smith vart send til Oslo. Sidan vart dei begge sende til ein tysk fangeleir. Familien på Hopen har hatt kontakt med desse mennene heile tida etter krigen. Dei har besøkt familien på Hopen fleire gongar, og dei kallar framleis mor til Gerd, for si andre mor.

Du kan lese meir om den svarte fredagen her

\

Skulehistorier med snert i: Tekst
Steff%2525C3%2525A5%252520fr%2525C3%2525A5%252520Skorpa_edited_edited_edited.jpg

Skule i Nyttingnes anno 1927

Fortalt av Magnhild Vassbotn på forteljarkafè på Steinhovden skule februar 2016. Det er Miriam Svortevik som har skrive teksten og Mia Sofi Valberg som har teikna Steffå på Skorpa og butikken hans.

Steffå på Skorpa og butikken hans. Teikning: Mia Sofi, 2. klasse

Magnhild Vassbotn bur no på Steinvik, og ho har fortalt korleis det var å gå på skulen då ho var lita. Ho vaks opp på Nyttingneset og begynte på skulen i 1927, altså for 89 år sidan.

Den gongen var det skule i 14 dagar og fri i 14 dagar, og det var skule i eit privathus der det bur folk den dag i dag. Lærarinna vår kom frå Brandsøy, og var ein dyktig lærar. Ho kunne bibelsoga godt, og alle elevane hennar vart flinke til å rekne. Dessutan passa lærarinna godt på oss borna. «De må aldri gå på kaia når det kjem båtar», sa ho, og vi var lydige og gjorde som ho sa.


Kvar vår kom presten på besøk til skulen. Vi pugga det vi trudde han ville spørje om frå bibelsoga og forklaringa. Presten var ikkje berre interessert i kristendom, men ba oss også kome fram på tavla for å løyse reknestykker. Ein gong spurde presten: «Kan nokon seie meg kva tid Jesus var fødd»? Då vart alle elevane stille og det var lærarinna som måtte svare på spørsmålet.

Lærarinna tok oss ofte med på turar, og ein gong var eg så heldig at eg fekk vere kjentmann. Vi borna gjekk i skogen kvar kveld og morgon for å mjølke kyrne, så vi var saktens godt kjende. Ein vår reiste vi på skuletur til Skorpa, ein holme som ligg rett utanfor Nyttingneset. Der var det både gjestgiveri og butikk i gamle dagar, og der budde handelsmannen Steffå som hadde ein vest av oterskinn med sylvknappar på. Vi grov i bakken der forretninga stod og fann grua, ja det var utruleg interessant. Eg hugsar huset han hadde varer i, og den dag i dag kan ein sjå plassen der huset stod.

.

Skulehistorier med snert i: Tekst
bottom of page